Kultur
Anmeldelse «Krakk»: Super svindelhistorie
Det aller villaste med denne elleville forteljinga, er at så mykje faktisk skjedde. Og at Arendal var Noregs rikaste by.
Med «Krakk» har Guri Idsø Viken skrive ei særs underhaldande bok om overdådig overklasseliv i Arendal på 1880-talet.
Agnete Brun for Aschehoug forlag
På 1880-talet var Arendal landets rikaste by. Folk der hadde tre gonger så stor formue som folk i Kristiana, eller Bergen, eller andre norske byar. Uventa, men sant.
Sentralt i Arendal stod Axel Herlofson. Han var banksjef, skipsreiar, og forretningsmann med ein finger borti det meste ein kunne tene pengar på, frå bryggeri til sagbruk. No er Herlofson også blitt ein av hovudpersonane i Guri Idsø Viken sin spanande forteljing om livet blant fiffen i Arendal på midten 1880-talet.
Det er ein særs vellukka roman, frå start til slutt. Her er nydelege skildringar av overklassen sitt overdådige liv, ispeidd passande dosar sex, dop og spelegalskap. Kjærleiksintrigar og vennskapsband. Tillit og svik. Risikable prosjekt som lukkast – og endå villare prosjekt som ikkje gjer det.